Reisebrev frå California

Glade spelemenn foran Golden Gate Bridge

Det er mykje som skal klaffe for at ein gjeng med sunnmøringar i alle aldrar skal kome seg på tur til California. Men hittil så har det meste klaffa, og Ålesund Spelemannslag storkosar seg i Statane.

Det heile starta på Vigra på onsdags formiddag den 30/6. Sjølv om det var nokre som hadde reist til California på eit tidlegare tidspunkt, så var det majoriteten som reiste samla frå Vigra. Denne reisa frå stille rolege Ålesund, til solfylte California var på ingen måte kjedeleg og roleg. Det var bestandig ei viss spenning over reisa om alle kom til å kome fram til den endelege destinasjonen, dette på grunn av overbooking av fly og ekstra sikkerheitssjekkar. Reisa gjekk heilt fint, med mellomlandingar i Oslo, København og Chicago, før me endeleg, etter 23 timar på farta, kom fram til San Francisco. Då var det endeleg klart for søvn og mat på hotellet.

Etter ein lang flytur, er det eigentleg vanleg å slappe av litt før ein startar på att med noko anstrengandes. Men sunnmøringar på tur er ikkje til å stoppe. Veret var strålande og dagen vart brukt til ein sykkeltur på leigde syklar over Golden Gate brua frå San Francisco og over til Salsolito, (rett nok fjuska vi og tok ferga tilbake). Det var ein heilt fantastisk tur som resulterte i fleire solbrune/brende skuldrer. Då fredagen var komen fekk vi for fyrste gong prøvd å gjennomføre heile danseprogrammet med heile besetninga tilstades. Gjennomgangen av programmet vart i eit lokale på hotellet med glas heile vegen rundt, så mange av badegjestane på hotellet fekk ein liten smakebit av den norske folkekulturen. Seinare på fredagen var det klart for å forlate hotellivet for ei stund, for å overnatte med vertsfamiliar. Nok ein gong litt trøbbel med transport, men dei kom no seg fram til slutt (med to til tre minutters margin på å rekke toget). Ut på kvelden vart det arrangert dansekveld ilag med Nordahl Grieg Leikarring og Nordic Folk Dancers. Då vart det mykje god dans og godt dansespel av både amerikanske og Sunnmørske spelmenn og dansarar.

Etter ei fin natt hjå våre respektive vertar, starta dagen med workshop i Nordahl Grieg Lodgen i Los Gatos. Då vart det tre timar med springdans frå Nordre Sunnmøre for dansarane og musikalsk utfolding på både hardingfele og flatfele. Noko det såg ut som om amerikanarane sette stor pris på. Vi har også fått lese ein e-post sendt av ein av kurs deltakarane som gir inntrykk av at dei var vel fornøgde. Seinare på kvelden var det klart for å ta på seg bunaden for første gong på denne turen. Då skulle det haldast konsert, vel og merke i 32C. Med eit fint publikum på rundt 70 stk vart konserten framført på ein særs vellukka måte og vi kunne ikkje være meir nøgd med premiera vår.

Dette var eigentleg eit ypparleg tidspunkt å kome til Statane på, fann dei ut då det va feiring av 4th of July i Redwood City. Då fekk vi observere den store paraden som gjekk gjennom byen. Vidare frå parade i Redwood gjekk turen til ein ny Sons of Norway Lodge, midt inni ein stor skog og i ein park kalla Henrik Ibsen Park. Der var det grillparty ilag med vertane og andre amerikanarar med norske anar. Og som takk for maten underhaldt spelemannslaget med ein liten uformell konsert, som etter latteren og smila til publikum å dømme var svært så vellukka. Einaste i laget som ikkje var heilt fornøgd med konserten var kanskje Svein som hadde lånt bunadsbuksa si bort til sonen Svein Are då han klarte å lage ei stor revne tvert av i baken midt i ein dans.

Når ein er i Statane, så må ein nytte seg av å kjøpe billige klede og andre artiklar før ein reiser tilbake til Noreg. Difor var Gilroy Outlet eit sjølvsagt val når vi leigde oss bilar for å køyre lengre sør i California. På Gilroy var det veldig mykje forskjellig, det er eit eldorado for shoppinginteresserte. Vidare for ferda mot Monterey der vi budde på hotell i to dagar. Vi var så heldig å bli invitert til gardenparty med den lokale lodgen i Sons of Norway, her vart vi servert typisk amerikansk fingermat og igjen takka vi for maten med ein improvisert konsert. Sida heile hagen var på størrelse med ein vanlig norsk veranda blei det sangarane og spelemennene som her fekk vise seg fram. Den lokale lodgen bestod i hovedsak av eldre amerikanarar med norske besteforeldre (eller lengre ute) men vi fekk også møtt ein fantastisk skarp nittiåring som snakka perfekt Bergenser. Han hadde budd i USA sida han som 19 åring i 1943 fant ut at det var ”litt for varmt rundt ørene” til å fortsette å bu i Noreg.

Vidare gjekk ferda sørover til vi kom fram til Solvang kor vi sitter i skrivande stund. Dette er ein ”dansk” by, husa har dansk stil, butikkane danske namn, og for sikkerhets skuld bur vi på King Fredrik inn. Her skal vi bu i ein dag til før vi setter kurs mot Los Angeles. Der ventar nye verter og ny konsert.

Fakta om vertane våre:

Sons of Norway:

Sons of Norway blei starta for å være ein støtte organisasjon for norske immigrantar og etterkommarane deira, etter kvart som tida gjekk utvida dei sitt ansvarsområde til å også ta vare på den norske kulturarven og dei er i dag den største norsk-amerikanske organisasjonen som finnes. Dei utgjev tidsskriftet ”Viking Magazine” og har 66 342 medlemmer fordelt på 410 lodger, 1447 av medlemmane deira bur i Norge.

http://www.sofn.com/home/index.jsp

Nordhal Grieg Leikaring

Nordahl Grieg Leikaring held til i San Jose, rett sør for San Francisco. Dette er andre gongen Ålesund Spelemannslag besøkjer dei og dei har og vore på besøk med oss for nokre år sida.

Henrik Ibsen Lodge.

Henrik Ibsen Lodge eig Henrik Ibsen Park, ein park som vert nytta både til avslapning og til buområde, ein må være medlem av lodgen både for å besøk parken og for å bu der. Lodgen ble starta i 1908 og er lodge nr 7.

http://www.henrikibsenlodge.com/index.php