Lagssoga

Lagssoga

Ålesund og Sunnmøre har ingen gammal tradisjon når det gjeld hardingfelespel.  Ein av dei få vi veit spelte hardingfele i Ålesund var Andreas Hjellbakk (1894-1960). Han var frå Hornindal i Nordfjord og hadde med seg tradisjonen derifrå.

Derimot var vanleg fele mykje brukt på Sunnmøre og i Ålesund. Det var i si tid skipa eit Sunnmøre Spelemannslag, som av og til hadde øving på Kaffistova i Ålesund. Musikalsk leiar var Rasmus Sunde frå Stryn, busett i Spjelkavik. Han var dessutan den legendariske dirigenten til Brage Hornmusikkorps. Sunnmøre Spelemannslag vart nedlagt då det vart for store avstandar å reise på øving. Frå korrespondanse i Bjørndalsamlinga kjem det fram at Rasmus Sunde også spelte hardingfele.

Ålesund Spelemannslag vart skipa 5. april 1978, etter nokre år som hardingfelegruppe under U.L.Ivar Aasen.

Det fyrste styret var:

·      Peder Egge – leiar og hardingfelespelemann

·      Odd Tenold – skrivar og trekkspelemann

·      Magnar Hjellbakk – kasserar og gitarist

Medlemstalet har variert mykje gjennom åra. Talet på aktive spelemann har variert frå 8 til 20. Dei siste åra har medlemstalet auka til over 70, fordelt på spelemenn, dansarar og songarar. Av disse er om lag 25 born! Medlemmene kjem frå Ålesund, Sula, Sykkylven og Giske.

Ålesund Spelemannslag er med på ymse aktivitetar, slik som å spele til underhaldning for til dømes turistar, til dans og i bryllaup. Vi har delteke på mange kappleikar, både fylkeskappleikar, vestlandskappleikar og landskappleikar, samt på Landsfestivalen i Gammaldansmusikk. Resultata har vore så ymse, men vi har hatt stor glede av turane og samværet i folkemusikkmiljøet. Vi ser det og` som viktig å få vise tradisjonane våre til andre.

Den fyrste store utfordringa laget hadde, var å skipe til Fylkeskappleik for Møre og Romsdal i Ålesund, hausten 1981. I samarbeid med U L Ivar Aasen gjekk dette svært så bra. Sidan har laget skipa til Distriktskappleik for Sunnmøre og Nordfjord, og endå ein fylkeskappleik. Men inga utfordring har vore større enn den laget tok på seg i 1998. Då arrangerte vi Landsfestivalen for Gammeldansmusikk. I år skal Ålesund Spelemannslag i samarbeid med UL Ivar Aasen igjen arrangere årets Fylkeskappleik for Møre og Romsdal. Vi gler oss.

I dei siste åra har speleoppdraga vore mange. I 1994 starta laget med konsertar for utanlandske turistar som vitja byen. Det har vore mellom 8 og 40 slike konsertar årleg, med ein topp i 1996 då laget hadde gjennomsnittleg 4 konsertar pr veke i 10 veker. Motivasjonen var å skaffe midlar til ein Amerikatur. Valet sto mellom å halde konsertar og å selje vaflar i gågata. Då var valet enkelt, og gjett om det var nokre glade spelemenn og dansarar som reiste utanlands for første gong i laget sin regi i juli 1996! Same året fekk laget eit flott oppdrag frå Frankrike. I høve 1000 års jubileet for grevskapet Eu i Normandie vart laget invitert dit. Tjuefem forventningsfulle spelemennn, songarar og dansarar reise nedover både hausten 96 og våren 97. Dette var eit halvoffisielt oppdrag og Ålesund sin ordfører og rådmann med fruer var med i same fylgjet. Elles har Ålesund Spelemannslag hatt fleire kuriøse oppdrag.16. mai 1994 hadde laget konsert ombord i hurtigruteskipet "Richard With" på tur frå Ålesund til Molde. Den tidlegare presidenten i USA, Jimmy Carter og frue med fylgje var gjester og vi fekk helse på dei begge to etter konserten. I 1995 fekk vi i oppdrag å spele på fjellgarden Skageflå i Geiranger. Det var ein strabasiøs tur opp gjennom ura med felekasse og bunad i sekk på ryggen. Og då Kulturhuset i Ålesund vart opna den 13.april 1998 - på 150 årsdagen for grunnlegginga av byen - spela og dansa vi bl a for Kongen og Dronninga vår! Siste storturen hadde laget til California sommaren 2001. Der hadde vi både kurs og konserter for folkemusikkgrupper i San Francisco, Solvang og Los Angeles. Siste åra har vi og hatt fleire oppvisningar for industrien. I 2003 inngjekk vi  samarbeid med Sunnmøre Museum. No er museet basen for dei fleste aktivitetane våre. Her har vi og dei fleste turistkonsertane på sommartid.

Tradisjonsberarar

Av dei fyrste tradisjonsberarane kan vi nemne Bernhard Villanger, Per O.Hauge, Peder Egge og Petter Myrseth.

Bernhard Villanger (1906-1992) kom frå Nordhordland, men var busett i Sykkylven. Der gifta han seg og fekk familie. Bernhard var ein framifrå spelemenn som hadde lært spel av m.a. Lorentz Hop og Arne Bjørndal. Elles var den gode spelemannshistoria Bernhard sitt bumerke, og det var ikkje få øvingar vi kunne kome heilt ut på viddene med historiene hans. Bernhard var vide kjend for sin kvikke replikk og sin lette dansefot heilt til sine siste daga.
Per O. Hauge (1901-1994) kom også frå Nordhordland, men han budde heile sitt aktive yrkesliv i Amerika. Der arbeidde han som bygningssnekker. Då han vende nasen heim, busette han seg i Giske kommune.  Per var også ein habil felespelar, men truleg var det den klassiske musikken som sto hjartet hans nærast. Då borna hans var små danna han eit familie-orkester saman med dei, og dei turnerte mykje i Amerika. Elles samla Per på instrument og han hadde eit heilt rom fullt av strykeinstrument.
Peder Egge (1918-1988) kom frå Nordfjord. Han var musikalsk leiar og formann i laget dei fyrste åra. Peder hadde ikkje spelt fele på mange år då spelemannslaget vart stifta. Gleda hans var desto større over at han fekk vere med å drive laget den første tida. Peder Egge er elles morfar til den no etterkvart så kjende felejenta frå Breim, Sigrid Terese Moldestad. Han hadde hatt god grunn til å vere stolt over barnebarnet sitt om han hadde levd og fått opplevd henne.

Petter Myrseth (t h) - spelemann og felemakar, er den eldste nolevande spelemannen vår med sine 90 år. Han kjem frå Hundeidvik i Sykkylven kommune. Og deltok på mange av laget sine samkomer til for eit par år sidan. Det er elles som felemakar at Petter har hatt hovudinteressa si. Han har laga over 50 nummererte hardingfeler og fleire vanlege feler.

 

Spelegruppa

 

Andreas Hjellbakk får hjelp av meister-spelemannen Sigbjørn Berhoft Osa.

 

Dei fyrste åra hadde laget speleøving på Borgund Yrkesskule i Spjelkavik. Seinare var vi på Åse gamle skule og dei siste åra har vi hatt øvingane våre på Spjelkavik skule. Fast øvingsdag er tysdag. Repertoaret til spelemannslaget har vore henta frå fleire deler av landet, men mest frå Møre og Romsdal og frå Sogn og Fjordane. Dei har spelt mykje gammaldans, som har vorte plukka opp rundt omkring. Springar, rull og halling har vi som oftast lært på kurs. All innlæring har gått på "gamlemåten" - der ein lærer etter øyre. Dei fleste medlemmane kan lese notar, men "dåmen" blir best når vi får slåtten inn under huda med ein gong.

Hardingfelekurs

Laget har delteke på mange kurs i hardingfelespel. Sigbjørn Bernhoft Osa, legenden frå Voss, heldt kurs det året Ungdomslaget "Ivar Aasen" starta hardingfelegruppa som seinare vart Ålesund Spelemannslag. Sigmund Eikås har halde eit titals kurs og vore instruktør for mange ungdommer i Ålesund området - mellom andre Annbjørg Lien og dei andre "Måltrastane". Far til Annbjørg, Jan Lien, var musikalsk leiar for dei og delvis for hovudlaget, og han sytte for at Sigmund kom oppover frå Jølster kvar vinter i mange år. Elles har Leif Rygg frå Voss, Arne M. Sølvberg frå Stryn, Ellef Hjellbakk frå Stranda, Arild Hoksnes frå Aukra, Liv Merethe Kroken frå Horningdal, Egil Syversbråten frå Hallingdal, og Joar Skorpen frå Sunnfjord har halde spelmannskurs i laget. Det same har Gro Marie Svidal. I tillegg har fleire av ungdomane i laget delteke på Mokursa i Jølster siste summarane. Dette er kurs som har vist seg å vere ei inspirasjonskjelde av dei sjeldne.

På slutten av 80-talet vart det gjort eit funn på Ålesund Museum. Dette fekk stor innverknad på Ålesund Spelemannslag. Slåttesamlinga som klokkaren Knut Didriksen Stafset frå Stafset i Haram kommune hadde samla rundt hundreårsskiftet, kom ved eit reint tilfelle fram frå gløymeselen - etter å ha lagt innpakka i   gråpapir i mest 80 år. Knut D. Stafset var sjølv spelemann og lærar. Han var fjerde generasjon klokkar i Skodje og Vatne Sokn, og lærte seg noter for å kunne skrive ned slåttane før dei gjekk tapt for ettertida. Diverre kom ikkje samlinga ut i hans tid. Fyrst i 1991 kom ho på trykk, og sidan har ho vore til stor glede. Det er Sunnmøre Historielag og Møre og Romsdal Distrikts-høgskule i Volda, med redaktørane Terje Aarseth og Erling Flem, som har gitt ut boka. I boka finn vi 165 springdansar, 80 folketonar til Kingo sin kyrkjesalmebok, 11 brureslåttar ,8 hallingar og 1 tretur. I boka finn vi og omtale av alle kjeldene for noteoppskriftene, og sjølvbiografien til denne store slåttesamlaren. Ålesund Spelemannslag laga ein Folkemusikal bygd på denne sjølvbiografien - "Knut Didriksen Stafset og hans eineståande verk". Førestillinga vart synt fram i Ålesund, på Skodje, Vatne og på Sjøholt. I 1996 gav Ålesund Spelemannslag ut CD/kassett. På denne finn ein fleire av slåttane frå Stafset samlinga.

Lurspelgruppa

Lurgruppa spelar i Geiranger

Dei siste åra har Sture Nordlund Vatnehol spela på lur med godt resultat. Sommaren 2003 reiste han på Nordisk Folkemusikkcamp i Sigdal på kurs, og kom heim med fleire nye låter og nytt gåpå humør. Instruktør på lurkurset var  Eillif Gundersen frå Hallingdal. Han har seinare instruert lurgruppa, som vart starta for eit par år sidan. Gruppa øver no kvar veke, på Sunnmøre Museum.

Songgruppa

Laget har lenge hatt enkelt utøvarar i song. Lill Heidi Rand var med på laget sin CD og har delteke på kappleiker i fleire år. Laget har og ein ung lovande juniorsongar, Kristina Valderhaug, som alt har delteke på fleire kappleiker. Satsinga på song kom fyrst i gong vinteren 1996/1997. Då arrangerte Ålesund Spelemannslag songkurs med Elin Pehrson Grytting. Etter dette kurset vart det faste øvingskveldar med Brita Hunskaar som instruktør.

Det er fyrst og fremst born og unge som har delteke i songgruppa. Frå 1998 har laget hatt unge songarar med på kvar Fylkeskappleik. Frå 2001 har songgruppa delteke i klassen ”Gruppesong rekrutt” på Fylkes-kappleikane. Songarane har fått møte og lære av fleire tradisjonsberarar. Her kan vi t d nemne Ragnar Standal frå Hjørundfjorden, og Marie Lovise Widnes frå Hareid. Møtet med Ragnar Standal i Hjørundfjorden vart filma, og eit lite innslag vart seinare vist i Nordvestrevyen. Sommar-konserten med Marie Lovise Widnes i 2003 vart og filma. Folkemusikkarkivet har fått kopiar av filmane med disse tradisjonsberarane.

 

Leiarar i laget:
Musikalske leiarar:
Peder Egge 1978-1984
Brita Hunskaar 1984-1986
Svein Vatnehol 1986-1990
Leikny Aasen 1990 - 2000
Svein Vatnehol 2000 - 2002
Anne-Britt Hjortdal 2002-2005
Jan Erik Skog 2006 - 2008
Svein Are Vatnehol 2008 - 2009
Solfrid Vatnehol 2009 -
Peder Egge
Jan Lien
Leiky Aasen
Vidar Underseth
Terje Måseidvåg
Mona-Kristin Fiskerstrand
Danseleiarar:
Vokal leiarar:
Solfrid Vatnehol
Brita Hunskaar