Lurtur til Tolga

Helga 16.-18. oktober drog fire av "luringane" våre på "lurtur" til Tolga for å møte Magnar Storbækken, Norges einaste profesjonelle instrumentmaker som viderefører produksjonen av dei eldre folkemusikkinstrumenta som er knytt til den rike setertradisjonen her i landet.

 

Luringane (Svein, Randulf, Jan Kåre og Arne) la i veg fredag ettermiddag med bilen lasta opp med lurer, bukkehorn og feler. Lurane og bukkehorna vart tekne med for overhaling. Hytta til Jan Kåre på Bjorli vart nytta som mellomstasjon, dermed vart ein ellers lang biltur korta ned i to overkomelege etappar.

Vel framme på hytta til Jan Kåre, vart det tid til litt feleøving, medan Jan Kåre fekk fyr i ovnen. Før klokka vart 10 lørdags morgen, sat luringane i bilen, og etter ein 2 1/2 times flott biltur over Dovrefjell og vidare ned mot Røros, køyrde dei inn på tunet til Magnar i Tolga. Kokekaffien stod klar på komfyren, og nybaka brownies stod klar til servering.

 

Verkstaden til Magnar ligg i eit hus han fekk flytta til Tolga i 2000, og som han sjølv satte opp. Her har han innreidd heile første etasje med dreiebenkar, høvelbenkar og mykje sjølvlaga utstyr. Rundt på veggar og oppunder tak hang naturinstrument av alle slag; beinfløyter av geit, hjort og elg, seljefløyter, tussefløyter, bukkehorn og lurar med meir. Fire lurar stod nesten ferdigsmidde og venta på luringane frå Ålesund. Desse var tinga av luringane på førehand. Magnar beklaga at han ikkje hadde fått gjort dei ferdige til besøket kom, men det gjorde ingen ting for karane frå Ålesund. Heile målet med turen til Tolga var jo nettop for å få møte instrumentmakaren og få eit inblikk i handtverket. Så medan Magnar gjorde ferdige lurane, sat fire karar og fylgde nøye med. Stemninga var god og låtten sat laust. Dei fire lurane vart gjorde ferdige, og skrudd fast i høvelbenken for innsetting av Linolje. Munnstykket vart proppa, og heile luren fyllt opp med råpressa Linolje.

Då det var tid for middag, inviterte Magnar og sambuaren karane på "ækt Trøndersodd" med god drykk attåt.

Attende i verkstaden var det klart for prøveblåsing av ferske lurar. Det vart spela både inne og ute, og etter nokre rundar med grundig testing, vart lurane fordelt på karane. Arne, Svein og Randulf kjøpte kvar sin, og laget den fjerde. Så var det klart for bukkehorna. Magnar hadde fått tak i nokre bra emner som han var klar til å få lage hol til munnstykke. Med drill og velvillige hjelparar vart tre av horna "åpna", og spenninga var til å ta og føle på. Ein veit aldri korleis eit horn vil klinge før holet er laga og munnstykke fresa ut. Det gjekk eit lettelsens sukk gjennom den vesle verkstaden då horna let for fyrste gong. Dette var gode emner.

Det vart og tid til å både sjå, høyre og prøvespele ein del av dei andre naturinstrumenta Magnar hadde. Spesiellt artig var intrumentet som var ei kryssing mellom det Australske instrumentet Didgeridoo og den klassiske neverluren; ein "Didgerilur"... Eit anna instrument var "Toljeluren" ein lur laga av store furustokkar som er funne i ei tjønn i setertraktene i Tolga sommeren 2004. Magnar hevdar dette er "den ultimate lur", og det har han nok rett i.

Seks timar ein laurdag i oktober gjekk forrykande raskt i godt selskap, og det var på tide for luringane for Ålesund å sette kursen over fjella igjen. Med fire nye lurar i bagasjen, og ny-overhala gamlelurar tok karane avskjed med Magnar og takka for eit svært triveleg og lærerikt møte.

Tusen takk til Magnar for at vi fekk kome på besøk. Vi kjem gjerne attende ein annan gong :-)

(Sjå http://www.naturinstrumenter.no/ for heimesida til Magnar)