Fylkeskappleik Åndalsnes

Kappleiken var i år i Åndalsnes, 17. og 18. mars. Rauma spelemannslag var vertskap for eit bra gjennomført arrangement.

Her er lurgruppa fotografert etter spel i klassa ”eldre folkemusikkinstrument senior”. Dei spelte godt, noko dommarane var einig i og gav fin omtale til.

Laget deltok i dei fleste klassar; lagspel junior utan komp, song lag og solo, dans par og lag, lurspel og bukkehorn lag og solo, spel solo i fele og hardingfele.

Sindre vann hardingfele kl C, men hadde vel kanskje største prestasjonen på scena av alle utanom konkurranse.... Har vart sittande og spele til stort sett alle danseinnslag. Han spelte så sveitten rann . Frå Hellesylt gjengen fekk han tidenes fulleste godtepose som takk for hjelpa. For en flott musikk å danse til!!!

Laget hadde sovesal på skulen like ved. Om laurdag kvelden laga vi taco og masse snop blei kjøpt inn. Mmmm. Alle kosa vi oss utover kvelden med lokal konkurranse i ”Norske Talenter”.

Etterpå vart det dans på lokalet. Kjekt at vi endelig fikk lagspel med komp konkurransen under dansen laurdag kveld. Det har eg argumentert for i fire-fem år. Det virka som alle var fornøgde med den ordinga. Og ein trengde tida.

Søndag var gammal då vi endeleg fekk snu nasa heim på snødekte veger. Mange hadde skifta til sommardekk og det var mange farlige biler å møte. Det gjekk heldigvis bra med alle folkemusikkinteresserte.

Frå laget stillte desse: Jacob Thorseth Eliassen, Maria og Rita de Franco Molnes, Ingrid og Nora Moen, Arne, Sigrid og Marie Styve, Camilla Bjørlykke, Pernille Bjerkevoll, Sivelin Talberg, Marit Krogsæter, Kjetil Åmelfot, Sindre, Sture, Solfrid og Svein Vatnehol.

Neste fylkeskappleik blir i april 2011 i Valldalen.